Offerdal film
Om meg Lokalhistorisk filmkurs
Kortfilm Oppdragsfilm Seriar Større prosjekt
Øygarden Sørheim Urnes
Om meg Filmar Kortfilm Oppdragsfilm Seriar Større prosjekt Lokalhistorisk filmkurs
Offerdal film
LUSTER/SØRSIDA/HISTORIE Øygarden Sørheim Urnes
Den siste båtbyggjaren
Den siste båtbyggjaren

Den siste båtbyggjaren

Dokumentar om Sverre Haugen, den siste attlevande båtbyggaren frå Herand i Hardanger. Herand har ei lang og rik historie med båtbyggarar, og i ein god periode var det hektisk aktivitet i så og sei alle nausta langs stranda. I dag er einaste aktiviteten i eit båtbyggarmuseum på kaien.

Manus og regi: Merethe Offerdal Tveit
Foto, klipp og lyd: Merethe Offerdal Tveit
Lengde: 15 min
År: 2018
På oppdrag frå Herand Landskapspark


Historia om eit båtbyggjeri

Historia om eit båtbyggjeri

Dokumentar om det tradisjonelle trebåtbyggeriet i Bergslagen som olderfar min, Lars Tveit, bygde på 30-talet. Gjennom intervju med sønene, som fortel om minner frå ein oppvekst med hardt arbeid, men godt brorskap og moro, får vi innblikk i ei tid og eit fag som har endra seg svært mykje.

Manus: Merethe Offerdal Tveit
Regi: Merethe Offerdal Tveit og Lillian Tveit
Klipp og lyd: Merethe Offerdal Tveit
Lengde: 30 min
År: 2015
På oppdrag frå Sunde kyst- og litteratursenter

Menn med fletter

Menn med fletter

Lokale statister fortel om minnene frå sommeren 1957 da Hollywood kom til dei isolerte bygdene innerst i Maurangerfjorden i Kvinnherad. Kirk Douglas skulle realisere sin guttedrøm med filmen «The Vikings», og engasjerte innbyggarar i heile området i innspelinga. Mange av dei hadde knapt sett ein film før, så det seier seg sjølv at dette vart eksotiske opplevingar.

Manus og regi: Merethe Offerdal Tveit
Foto, klipp og lyd: Merethe Offerdal Tveit
Lengde: 17 min
År: 2014
På oppdrag frå Rosendal Filmklubb

1 2 3
Previous Next
Den siste båtbyggjaren
Historia om eit båtbyggjeri
Menn med fletter
New Dropdown